Ved sidan av å vera lærar på Sogndal VGS tek eg eit fag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, IKT for lærarar. Me har tidlegare i dette kurset vore gjennom modulane Multimedia- bilete og video og Digital læring - bruk av LMS og kontorstøtteprogram. Modulen me no arbeidar med heiter Webtenester - digital kommunikasjon. Her har me hatt eit arbeidskrav eg fann det naturleg å løyse med denne bloggen.
Arbeidskravet går ut på å nytte eit nettverktøy til å utforme eit undervisningsopplegg som skal imøtekomme elevgruppa si nettverkserfaring, og som vil auka deira nettverkskompetanse. Sidan eg er den einaste med friluftsliv som fagfelt på dette studiumet vart det naturleg for meg å jobbe åleine med dette arbeidskravet. Mine tankar skreiv eg inn i googledokumentet du finn som lenke under.
Mitt googledokument
Vidare skulle opplegget presenterast for elevane i presentasjonsverktøyet i google docs. Eg utarbeida ein presentasjon du finn innbygd under.
Etter å ha nytta den første økta på å skrive logg frå turen me hadde vore på, tok me andre økta til på del to av undervisningsopplegget. Gruppearbeidet vart gjennomført ved at elevane sat i grupper eg hadde delt inn i på førehand. Dei gjekk systematisk inn på kvar enkelt blogg for å lese turloggen før dei diskuterte kva innspel dei i fellesskap ville gi. På kvar gruppe var det 3 personar slik at den som sat i midten var den som skreiv inn sjølve kommentaren på innlegget. Slik jobba kvar gruppe seg gjennom alle bloggane til dei andre elevane. Alle sat i same klasserom under arbeidet slik at eg kunne assistere om nokon fann det naudsynt. I tillegg hadde eg på denne måten kontroll på at alle deltok i diskusjonen og var einige i det som vart publisert.
Fyrst tenkte eg at elevane skulle samskrive i eit googledokument for å kome fram til kva dei skulle publisere som kommentar til kvar blogg. Etter å ha sett på omfanget på dette arbeidet (både deira som elevar og mitt som lærar) fann eg denne måten å gjere det på både for tid- og ressurskrevjande. Som Alf Gunnar Eritsland påpeikar i boka Samskriving - Ny veg i skriveopplæringa, er det og samskriving å sitje i same rom for å skape ein tekst. I hans modell om skrivesamtalen, frå same bok, vil og dei ulike påverkande faktorane vera klårare og nærmare om det vert gjennomført i klasserommet med meg tilstades.
Sjølv har eg lært mykje i denne prosessen. Googledokument og Googlepresentasjon var nye verktøy for meg. Det å nytte desse bydde på litt utfordringar. Særleg presentasjonsverktøyet skapte litt frustrasjon før eg meistra det. Linjeskift slik eg ville ha det i tekstboksane var vanskeleg, samt det å vise tekst nederst på kvar slide. Også backspace funksjonen var vrien då den somme tider sletta langt meir tekst enn det eg ynskte. Etter ein del jobb fekk eg likevel eit produkt eg kunne nytte. Når det gjeld blogg-verktøyet er dette noko me har nytta i dette faget i heile år, så det gjekk greit.
Det vart som tidlegare nemnt naturleg å nytte blogg som verktøy for dette undervisningsopplegget sidan det er slik me har skrive turloggane i dette faget i heile år. Elevane har, som Alf Gunnar Eritsland påpeikar i boka Samskriving - Ny veg i skriveopplæringa, utvikla eit eigarforhald til bloggane sine, og det at sjølve verktøyet var kjent trur eg auka motivasjonen til elevane for oppgåva.
Eritsland skriv og i si bok at blogging er god trening på korleis ein skal uttrykke seg i det offentlege rom. Reint overordna har eg stor respekt for at all informasjon som vert publisert kan sjåast av alle på nett. Eg har difor presisert ovanfor elevane at det ikkje er kritikk av deira blogginnlegg eg er ute etter, men ein konstruktiv tilbakemelding på kva som var bra, og gode innspel på kva som kunne takast med i tillegg evt. andre viklingar på saker dei har teke opp. Enkelte av elevane har bloggar som er "skjulte" for ein tredjepart. Dei har "invitert" meg til å lese desse slik at eg kan følgje med på kva dei skriv etter kvar tur. Dei dette gjeld såg ikkje noko problem med å invitere dei andre i friluftslivgruppa for å kommentere loggane, så dette bydde ikkje på utfordringar.
Målet med oppgåva var som nemnt i arbeidsdokumentet å få elevane til å forstå korleis dei saman kan utvikle ideane sine omkring blogging om turar ved å gi kvarandre respons på arbeid dei har gjort individuelt. Middelet var å starte det Eritsland kallar ein bloggdiskurs. Denne prosessen håpar eg at me med dette arbeidet har starta på, evt. vidareført, på ein god måte.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar