onsdag 14. september 2011

Første tur med "Friluftsliv 1 ST" Øvstedalen - Fjærlandsete - Kollsete

Ein spent gjeng møtte meg ved friluftslivlageret ved Sogndal vidaregåande skule om morgonen den 7.9 2011. Etter å ha fått utdelt fellesutstyr fordelt på teltlag, gjekk turen med minibuss til Øvstedalen og Mannsverk der me lasta ut, og hadde ein liten innføring i bruk av kart og kompass før gruppe 1 leia veg oppover mot Svartavatnet.

Der traktorvegen enda tok gruppe 2 over som navigatorar, og sette kurs mot Furesete på eit rekkje som tydleg var metta med vatn frå nedbøren dei siste dagane. Himmelen truga med meir regn, og småbygene tok til medan gruppa diskuterte vegval for å nå stølen der me skulle lunche på lettast mogleg måte. Skulle me gå i overkant av myrane mot Gautastølen, eller skulle me følgje stien? Sistnemte vart valt pga. nokså tett vegitasjon, og me nådde Furusete til 11.30 -vanleg lunch-bél.

Etter ein matbit og ein god diskusjon rundt bruken av kart og kompass, la gruppa av stad med teltlag 3 i front forbi Langadrag, Kalvavatnet og like til selbøen på Fjærlandsete. Det regna no godt, og heile gruppa vart sendt ut nedover mot Olavsøyna for å finne ein teltplass der det var plass til 5 telt som kunne stå på tørr grunn natta over.

Etter å ha forkasta ein leirplass der det tydeleg hadde budd folk i seiare tid, vart me einige om å slå leir oppover mot eit lite høgdedrag ved ein hammar like sør for vatnet. Me rigga opp, og venta ut ei skikkeleg byge før me fann fram fiskestengene og prøvde lukka langs sørsida av vatnet naturlegvis med fiskekort i hand. Trass i duskregn var det dårleg med "bit". Middagen skulle tilbredast på stormkjøkken, noko som var nytt for mange, så me hadde ein demo på korleis ein skulle nytte dette utstyret, og elevane diska etterkvart opp med taco, burgarar og gryterett og dessert då fisken uteblei. Kvelden gjekk med til gåter av fleire slag og frasa "Da e no da skjer" vart sikkert sagt 1000 gonger. Det var tydelegvis på Fjærlandsetet det skjedde, for humøret var upåklageleg og latteren sat laust trass heller fuktig vær.

Etter å ha letta på teltduken den 8.9 til avtalt tid, var det tydeleg at elevane hadde sove godt. Ingen var oppe, og det tok litt tid før alle var i gong med frukosten. Me rigga ned, pakka saman og eg drog kjensel på ein av tre som kom gåande langs vatnet frå Sumhaug. Knut ( http://uteknut.blogspot.com ) og to jenter var på eigenvandring som del av friluftslivstudiet på HSF. Dei skulle same vegen som oss, men tok ein pause då teltlag 4 leia oss avgarde i retning Storavatnet under Helleberget. Været var betre enn dagen i førevegen og me fann i fellesskap ut at me ville følgje Nordvestsida av Storavatnet under Helleberget for å nå Fagreggi i passleg bél.

Her åt me ein matbit og prøvde fiskelykken med tillatelse frå grunneigar, og jammen vart det ikkje fisk og. Vegen gjekk vidare langs Kollsetevatnet, og til Kollsetestølen. Herfrå gjekk me grusvegen like til busstoppet ved Kollsete, og nådde akkurat rutebussen som frakta oss attende til Sogndal.

Eg vil berømme elevane for godt humør trass fuktig vær, og at dei heile tida tok omsyn til at me var EI gruppe som var på tur. Eg gledar meg allereie til gapahuk-tur på Kaupanger 21.9 til 22.9.